A profile feature I wrote for the local newspaper, Sunnhordland, about a retired midwife who has been in rural areas in Africa for many years.
Jordmora i bushen
Text & Photo: Cornelia Koppang Henriksen
- Dette er kystbrød, med Omega-3. Det er veldig godt.  
Etter å ha servert kaffi og eit stort fat med påsmurde brødskiver, set Tordis Eide seg ned i ein stol ved salongbordet i stova si. Ho brettar ut ein kvit serviett og legg han fint ned på fanget.
- I Kamerun baka me brøda sjølve, så klart. Mjølet var alltid full i midd, det kunne jo nesten gå av seg sjølv. Kokken måtte ta det inn i ein gassomn, sånn at dei døydde. Etterpå hadde me det i ei sil og fekk dei bort. Det var ei rar smak på brødet, veit du. Det var middsmak. Men eg blei van med det, og til slutt la eg ikkje merke til det ein gong.
Eide klukkler og fyller opp koppen sin. Lukta av rykande fersk kaffi legg seg og blir hengande i lufta i stova hennar nedanfor europavegen på Eide. Det er nokså stille. Sjølv om ein kan sjå bilane susa fram og tilbake mellom Bergen og Stavanger, er tikkelydane frå klokka på veggen det einaste ein høyrer. Ho kikkar ut dei store stoveglasa med utsikt mot fjorden og over til Tysnes. Sollys skin frå ein klår blå himmel og inn på kvite orkidear i vindaugskarmen. 
- Ver så god, ta deg ei brødskive.
78-åringen har vore pensjonist sidan 1997, men hadde ekstravaktar på fødeavdelinga på Stord sjukehus fram til juni 2007. Til saman har ho vore jordmor der i 25 år. Kvardagen hennar er likevel ikkje keisam, sjølv om ho er pensjonist. Ho er framleis med i frivilligssentralen og i mange forskjellige misjonsforeiningar. I feriane køyrer ho mat til dei gamle og var blant anna med på vaksinasjonsrundane då det var svineinfluensa.
Ho bur saman med kattane sine Morten og Ingeline på Eide, der ho både er født og oppvaksen. Ho har ikkje barn og har aldri vore gift, men det at ho er åleine plagar ho ikkje. Viss det er noko ho angrar på i livet, så måtte det vore at ho ikkje reiste tidlegare ut som jordmor i Afrika.
- Eg føler meg ikkje så åleine. Eg har ofte besøk av familie og vener. Eg er også med i besøkstenesta i kyrkjelyden i Fitjar, seier ho.
Fyrste gongen Tordis Eide reiste til Kamerun var frå januar 1976 til april 1979. På oppdrag frå Det Norske Misjonselskap arbeidde ho som jordmor på ein liten poliklinikk i den litle byen Gadjiwan, som ligg i nord nær grensa til Nigeria. 
- Dei visste ikkje korleis dei skulle behandla sjukdomar, stakkars. Mange døydde av berre ein lungebetennelse på grunn av at dei kom for seint til oss. Eg måtte lytta på lunger og stilla diagnosar. Eg er jo ikkje lege, men det var eg som kunne mest av dei som var der. Det var veldig mykje ansvar, men me måtte jo gjera noko. Det var forferdeleg trist då dei døydde. Spesielt då det var små ungar. Dei visste ikkje betre og gjekk til disse som laga sterke urtemedisinar. Det var sterke urter som øydela både nyrer og hjarte. Ungane kom inn og var hovne i beina og var så dårlege. Og så døydde dei. Årrh… 
Ho sukkar og ristar på hovudet mens ho knip auga saman. Det var mange tøffe stunder i Kamerun.
- Men heldigvis så kom det nokon tidsnok til oss òg. Det var mange me hjelpte.
Eide reiser seg opp og går raskt bort til ein hyllevegg fylt med bøker og gamle fotografiar på rekkje og rad. På veg tilbake har ho med seg eit fotoalbum og eit kart over Kamerun. Engasjert brettar ho ut kartet og peikar på dei forskjellige byane ho har vore i. Ho opnar albumet. Bileter av ho sjølv saman med både vener og pasientar i Kamerun er på kvar side. Eide seier at det var ein veldig forskjell frå poliklinikken i Gadjiwan til fødeavdelinga på Stord sjukehus, men at dei var kreative og tok i bruk det dei hadde.
- Me kunne jo ta i mot ungane med sugekopp der òg. Men me hadde ikkje elektrisk, så me måtte pumpa med ei sykkelpumpa for å få trykk. De gjorde me fleire gonger.
Mange gonger måtte ho køyra fødande kvinner til ein anna by som låg 21 mil frå Gadjiwan. Vegane var heilt forferdelege. Det var ikkje noko moderne terrengbil med aircondition ho hadde heller. Ho var nøydt til å frakta pasientane i ein gamal Land Rover. Det er spesielt ein episode frå regntida ho hugsar godt.
- Det stupregna og bilen sat seg fast i den gjørmete vegen og sokk berre lenger og lenger ned. Til slutt så var heile eksosrøyret under. Det var så fælt og kvinna som eg skulle frakta hadde rier. Eg ba til Gud om at riene måtte stoppa. Eg gjekk ut av bilen for å prøva å få han laus og gjørma rann over i støvlane eg hadde på meg. Det nytta ikkje. 
Det gjekk over tolv timar før det kom ein bil med nokre kamerunske karar, som grov vekk gjørma og la greiner under hjula. Til slutt var bilen laus og ikkje lenge etter kom dei fram til sjukehuset. 
- Barnet døydde under fødselen, då. Det var det tøffaste eg opplevde der nede. Men då eg køyrde kvinna heim igjen til familien hennar, berre takka dei for at ho hadde overlevd. 
- Då me var i Afrika hadde me mykje meir bruk for Gud enn det me har i Noreg.
Siste perioden ho var i Kamerun var frå 1986 til 1988. Då arbeida ho på ein sjukehus i Ngaubela. Der var forholda heilt annleis og ho slapp å køyra sjuketransportar på dei fæle vegane.
Som lita gjekk ho i barneforeining hos nabokona på Eide. Allereie då kjente ho på misjonærkallet og lysta på sjukepleiarutdanning, men våga ikkje å snakka høgt om det. Ho starta på husmorskulen i Hardanger og la frå seg dei draumane. Det gjekk jo an og hjelpe folk som husmorvikar òg.
- Eg hadde ikkje noko tru på meg sjølv, hadde ikkje så mykje sjølvtillit i dei tidene. Og så trudde eg at eg ikkje kunne reisa ut. Trudde ikkje at eg var flink nok.
Styraren på gamleheimen i Fitjar sette mot i ho, og som 20-åring starta ho likevel på sjukepleiarutdanninga på Haraldsplass Diakonale Høgskole. Der blei ho innvigd til diakonisse. Etter det, jobba ho som sjukepleiar for Norges Samemisjon i Kautokeino og Kvalsund i Finnmark i mange år tok ho jordmorutdanning og reiste til Kamerun. 
Ho rakk ikkje å ha noko heimlengsel mens ho var ute og reiste. Ho var så travel at tida gjekk altfor fort. Men ho synest heilt klart at det var godt å komma heim etter mange år i bushen.
- Eg hugsar då eg kom heim til Sandvikvåg og gjekk på ein buss, så lurte eg på om dei hadde fått ny. Men nei, bussjåføren sa at bussen var gamal, den. Eg syntest at bussen var så blank. I Kamerun om tørketida var det jo så støvete at det var heilt forferdeleg. Om morgonen kunne me tørka støv av salongbordet. Det var heilt brunt. Alt me hadde blei brunt. 
- Nei, me har det godt her. Du og du, kor godt me har det. Eg er så glad for at eg har hus og heim. I Kamerun hadde dei mindre hus enn ein garasje til å bu i.
Back to Top